Glyserol
Utsjånad
(Omdirigert frå C3H8O3)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6c/Glycerol-3DModel.png/220px-Glycerol-3DModel.png)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e0/Sample_of_Glycerine.jpg/220px-Sample_of_Glycerine.jpg)
Glyserol, også kalla glyserin, er ein treverdig alkohol med kjemisk formel C3H8O3. Det vil seia at han inneheld tre hydroksylgrupper.
Glyserol er ei fargelaus, tjuktflytande væske som mellom anna vert brukt i produksjon av hudkrem og sprengstoff.
Alkoholen er ein viktig del av feitt.