Amor
Utsjånad
(Omdirigert frå Cupido)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6c/Aphrodite_and_Eros-Hermitage.jpg/220px-Aphrodite_and_Eros-Hermitage.jpg)
Amor var ein romersk kjærleiksgud som hadde stor likskap med den greske kjærleiksguden Eros.
I både gamal og nyare kunst vart Amor gjerne framstilt som ein lubben, liten gut, ofte med vengar, og med pil og boge i handa, for han hadde evna til å kveikje den erotiske attråen i folk ved å skyte kjærleikens pilar i hjarta på dei.
Eit anna namn for guden Amor var Cupido.