Ferjeleie
Utsjånad
(Omdirigert frå Ferjestad)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7e/Kvam%281977%29.jpg/220px-Kvam%281977%29.jpg)
Eit ferjeleie, ferjelægje, ferjestad eller ferjekai er ein stad der ei ferje legg til for på- og avkøyring av kjøretøy.
Kaianlegga er som regel utstyrt med ein ferjelem, som vert nytta av kjøretøya som køyrer ombord eller av ferja. Ferjelemmen kan hevast og senkast for å tilpassast flo og fjøre.
Somme ferjekaiar er tilpassa jernbaneferjer.
Salhus ferjekai er den einaste freda ferjekaien i Noreg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Fergekai» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2014.