Stadion
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/Louis_entering_Kallimarmaron_at_the_1896_Athens_Olympics.jpg/220px-Louis_entering_Kallimarmaron_at_the_1896_Athens_Olympics.jpg)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/16/Wembley_Stadium_interior.jpg/220px-Wembley_Stadium_interior.jpg)
Eit stadion (av gresk στάδιον) er eit idrettsanlegg omgjeve av oppbygde og ofte overbygde tribunar for tilskodarar. I den greske antikken var stadion ein kappløpsbane forma som eit langstrekt rektangel, ofte omgjeve av tribunar i stein. Dette gav opphavet til det gamle greske lengdemålet stadion, som var lik 600 gamle greske fot (podes) eller kring 192 meter.
Det gamle stadionet i Olympia (Hellas) er eit døme på eit stadion som var «eit stadion langt» (192,3 m).
Det største stadionet i verda er Strahov Stadion i Praha i Tsjekkia. Det vart reist i 1934 og hadde 240 000 tilskodarplassar. Det største fotballstadionet i verda er Maracaña i Rio de Janeiro i Brasil, med ein tilskodarrekord på kring 200 000. Seinare er kapasiteten her avgrensa til kring 100 000 tilskodarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- stadion – idrettsplass. (27.02.2013) I Store norske leksikon.