Hopp til innhald

Siri Keul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Siri Øverseth)
Siri Keul
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1948 (76 år)
Idrett handball

Siri Keul, fødd Øverseth, (fødd 1948) er ein norsk tidlegare handballspelar og lektor frå Oslo. Ho var norsk landslagsmålvakt i handball frå 1970 til 1976.

Siri Øverseth var i ungdomsåra medlem i Bækkelaget SK. Etter å ha spelt på Nordstrand IF sitt lag i 1968/69-sesongen, melde ho seg inn i Vestar. Fram til 1979 var Vestar-mannskapet det dominerande laget på kvinnesida i nors handball, sikra seg år etter år fyrsteplassen i serien og sanka fleire NM-pokalar. Siri Keul var laget si målvakt alle desse åra. 1970-76 spelte ho 54 landskampar og deltok i alle tre verdsmeisterskapane i perioden. Landslagsdebuten fekk ho 6. november 1970 mot Sverige, i ei turnering der Noregs lag vart nordiske meistrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]