Vaffel
Utsjånad
(Omdirigert frå Vaflar)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/de/20060700_waffle_with_icecream_and_raspberries.jpg/220px-20060700_waffle_with_icecream_and_raspberries.jpg)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/15/Waffle_Maker.jpg/220px-Waffle_Maker.jpg)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8c/Waffle_DSC00575.jpg/220px-Waffle_DSC00575.jpg)
Ein vaffel (fleirtal: vaflar) eller ei vaffelkake (dessutan kalla bakels i Nordmøre, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) er ei tjukkvoren, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vafler kan vera rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange stader i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.
Mormors vaffeloppskrift[1][endre | endre wikiteksten]
- Visp egg og sukker
- Rør natron i rjoma og bland saman
- Spe med mjøl og egg om kvarandre
- Rør i smøret til slutt
- La røra svelje i ein halvtime. Ho kan godt kvile i kjøleskåpet til neste dag
- Vaflene er best med rjome og plommesylte
Ingrediensar[endre | endre wikiteksten]
- 3 egg
- 0.75 dl sukker
- 1 dl setersjome
- 0.5 ts natron
- 4 dl mjølk
- 5 dl kveitemjøl
- 1 dl smelta smør