Øvre Sandsvær
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/94/Labrofossen_Sandsv%C3%A6r.jpg/220px-Labrofossen_Sandsv%C3%A6r.jpg)
Foto: Mahlum
Øvre Sandsvær er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Buskerud fylke. Frå 1837 var Øvre Sandsvær del av Sandsvær formannskapsdistrikt.
1. januar 1908 vart Sandsvær delt i Øvre Sandsvær med 2 464 innbyggjarar og Ytre Sandsvær med 3 245.
1. januar 1964 vart Øvre Sandsvær, Kongsberg, Ytre Sandsvær, Svene og Jondalen i Flesberg og Øvre Jondalen i Gransherad slått saman til den nye Kongsberg kommune. Øvre Sandsvær hadde ved samanslåinga 2 854 innbyggjarar.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Arkiv etter Øvre Sandsvær kommune». Arkivportalen. Henta 17. september 2020.