A Gallon of Gas
A Gallon of Gas Singel av The Kinks frå albumet Low Budget | ||
B-side |
«Low Budget» | |
---|---|---|
Utgjeve | 7. august 1979 (USA) | |
Innspelt | Januar 1979 - juni 1979 | |
Sjanger | Rock, hardrock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«(Wish I Could Fly Like) Superman» (1979) |
A Gallon of Gas | «Catch Me Now I'm Falling» (1979)
|
«A Gallon of Gas» er ein song av The Kinks på albumet Low Budget frå 1979. Songen vart skriven av Ray Davies.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
«A Gallon of Gas» fortel om dei økonomiske problema på denne tida, og i dette tilfellet om oljekrisa.[1] Songaren klagar på at han ikkje kan kjøpe drivstoff uansett kor mykje pengar han har. Forfattaren Nick Hasted skildrar songen som «ein tung, elektrisk blues».[2]
Songen var den andre singelen som kom ut frå Low Budget, og er ein av to singlar på albumet som kom ut i Amerika, men ikkje i Storbritannia (den andre er «Catch Me Now I'm Falling»). Singelversjonen var lengre enn albumversjonen.[1] B-sida til singelen var «Low Budget». I tillegg til at han vart gjeven ut på singel i Amerika, vart han òg gjeven ut i Japan.
«A Gallon of Gas» finst på samlealbumet Come Dancing with The Kinks og konsertalbumet To the Bone. Ei alternativ utgåve av songen finst på Picture Book.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «A Gallon of Gas» frå Wikipedia på engelsk, den 27. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Rogan, J. (1998). The Complete Guide to the Music of the Kinks. Omnibus Press. s. 127. ISBN 0711963142.
- ↑ Hasted, N. (2011). The Story of the Kinks: You Really Got Me. Omnibus Press. ISBN 9781849386609.