Ab urbe condita
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c9/Antoninianus-Pacatianus-1001-RIC_0006cf.jpg/220px-Antoninianus-Pacatianus-1001-RIC_0006cf.jpg)
Ab urbe condita eller anno urbis conditae (AUC eller a.u.c.) er latin for «Frå grunnlegginga av byen» (byen er Roma). Året då Roma var grunnlagt er tradisjonelt sett til 753 fvt.,[1] og nokre få romerske historikarar brukte det for å oppgje årstal. Moderne historikarar har teke denne tidsrekninga i bruk i større grad enn romarane gjorde. For romarane sjølve var det vanleg å oppgje eit år ved å oppgje namna på dei to som var konsular det året.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «ab urbe condita (tidsregning)». Store norske leksikon. 14. august 2020.