Ane Farsethås
Utsjånad
Ane Farsethås | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. desember 1973 (50 år) Oslo |
Yrke | skribent, litteraturkritikar |
Ane Farsethås (fødd 21. desember 1973 i Oslo) er ein norsk litteraturkritikar og skribent, mest kjend som bokmeldar i Dagens Næringsliv.
Farsethås er utdanna cand. philol. Ho var redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vinduet 1999–2000 og har skrive i mellom anna Morgenbladet og kommentert litteratur for NRK P2. Sidan 2002 har ho vore fast bokmeldar og kommentator i Dagens Næringsliv.
Saman med Øyvor Dalan Vik har ho skrive Essensielt, litteraturens og filmens klassikere (2005).
I 2004 kåra Norsk kritikerlag ho til Årets litteraturkritikar, og same år vart ho kåra til Nordens beste kritikar av tidsskriftet Nordisk Litteratur.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ane Farsethås» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Arkivert nettside frå vinduet.no Anmeldelse av Hanne Ørstaviks Uke 43; Levi Henriksens Snø vil falle over snø som har falt og Johan Harstads Buzz Aldrin.
- Arkivert nettside. Kort intervju med henne i tidsskriftet Nordisk Litteratur