Ardery Island
Ardery Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Windmill Islands | ||
Del av | Windmill Islands | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 66°22′S 110°27′E / 66.367°S 110.450°E | ||
Lengd | 1,0 km | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ardery Island 66°22′00″S 110°27′00″E / 66.366666666667°S 110.45°E | |||
Ardery Island er ei bratt, klipperik øy, som ligg 1,7 km vest for Odbert Island i Windmill Islands. Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken av US Navy Operasjon Highjump og Operasjon Windmill i 1947 og 1948. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter major E. R. Ardery, ein observatør i ingeniørtroppen som var med på å opprette astronomiske kontrollstasjonar mellom Wilhelm II Coast og Budd Coast sesongen 1947-48.
Cave Ravine[endre | endre wikiteksten]
Cave Ravine er ei ravine vest på øya. Ho vart først kartlagd av Operasjon Highjump, ho vart vitja i 1961 av dr. M. N. Orton, som var militærlege ved Wilkes Station. Ho fekk dette namnet av ANCA fordi det ligg ei grotte i vestveggen av ravina. Cave Landing er ein isfot nær Cave Ravine der ein kan gå i land på våren og sommaren. Denne vart oppdaga av dr. Orton då han vitja Cave Ravine, og vart namngjeven av ANCA etter sistnemnde.
Mast Point[endre | endre wikiteksten]
Mast Point er det vestlegaste punktet på øya. Det vart namngjeve av US-ACAN etter bygningssnekkaren Clarence W. Mast som heldt til ved Wilkes Station i 1958.
Hiegel Passage[endre | endre wikiteksten]
Hiegel Passage er eit sund mellom øya og Holl og Ford Islands i sør. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter offiseren James A. Hiegel i US Navy som var leiar for Mobile Construction Battalion og som leia bygginga av Wilkes Station i februar 1957.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Composite Antarctic Gazetteer
- Antarktiske og subantarktiske øyar
- Antarktiske øyar sør for 60 °S
- SCAR
- kravområde i Antarktis
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ardery Island» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: