Baltifolk
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om Baltifolk. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Balti.
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ac/Kids_of_Tarashing.jpg/220px-Kids_of_Tarashing.jpg)
Baltiar eller baltifolk er ei folkegruppe som hovudsakleg bur i det pakistansk-kontrollerte Baltistan i Kashmir, og i distrikta Kargil og Leh i Ladakh, ein region i det indisk-kontrollerte Jammu og Kashmir. Mange har òg busett seg i dei store byane lengre sør.
Medlemene av den om lag 400 000 store folkegruppa tilhøyrer ulike klanar med sams opphav. Dei er muslimar og snakkar balti, eit tibetansk språk.