Hopp til innhald

Belgisk øl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike typar belgisk øl.

Belgisk øl blir produsert i nærare 1 500 ulike sortar, og ved bruk av fire ulike gjæringsmetodar. Enkelte landsdelar kan vera kjende for bestemde ølsortar.

Trappistøl blir produsert av kloster knytte til trappistordenen, og gir støtte til velgjerande formål. Belgisk øl blir brukt i matlaginga i heimen og på restaurant. Det blir også brukt i den industrielle matvareproduksjonen, som til dømes ved øl-vaska ost. Fleire organisasjonar arbeider for eit ansvarleg ølkonsum. Berekraft har vorte ein del av ølkulturen, mellom anna gjennom gjennvinnbar forpakning og redusert vassforbruk i produksjonen. Frå 1980-åra har talet på mikrobryggjeri auka mykje.[1]

Belgisk øl blir produsert etter fire ulike gjæringsmetodar, noko som gir store variasjonar:[2]

  1. spontangjæring, som gir unike ølslag i Europa, mellom anna øltypane lambic, geuze og kriek.
  2. overgjæring, som blir brukt for å laga trappistøl, lyst øl og ei rekkje spesialøl.
  3. blanda gjæring, som blir brukt til å laga mørkt øl
  4. undergjæring, som blir brukt til pilsner-typen.

Ulike institusjonar i Belgia tilbyr utdanning i zythologi, ølkunnskap eller ølstudiar.

I 2016 blei belgisk ølkultur oppført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «UNESCO - Beer culture in Belgium». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 11. juli 2023. 
  2. «Immaterieel Cultureel Erfgoed Vlaanderen». web.archive.org. 10. september 2017. Arkivert frå originalen 10. september 2017. Henta 11. juli 2023.