Brevdue
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/Stockholms_brevduveklubb_2017a.jpg/220px-Stockholms_brevduveklubb_2017a.jpg)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/94/Bundesarchiv_Bild_183-R01996%2C_Brieftaube_mit_Fotokamera_cropped.jpg/220px-Bundesarchiv_Bild_183-R01996%2C_Brieftaube_mit_Fotokamera_cropped.jpg)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Avro_Lancaster_pigeons_WWII_IWM_TR_193.jpg/220px-Avro_Lancaster_pigeons_WWII_IWM_TR_193.jpg)
Brevduer er tamme etterkommarar av klippedua, særleg avla fram for å finne vegen heim att etter å ha vore plassert ein anna stad. Dei kan fly inntil 1 000 kilometer med ei gjennomsnittsfart på ein kilometer i minuttet. Men brevduer flyr ikkje om natta eller i dårlig vêr. Og dei flyr berre heim til reirplassen, ikkje til ein eller annan stad som dua får ordre om å fly til, slik det gjerne vert sagt i eventyr og forteljingar.
Dei buene som er bygd og innreia som hus for duene, vert kalla dueslag.
Brevduer som kommunikasjonsmiddel[endre | endre wikiteksten]
Dua kan gjerast til postbod ved å binde til beinet på ho ei melding skrive på eit lite og lett papirark eller anna lett materiale, gjerne lagt i ein lett kapsel. Dette har vore gjort både i orienten i gamal tid, hjå grekarane og romarane i klassisk tid, og i Europa frå 1500-talet til langt fram på 1800-talet. Då byen Paris i Frankrike var kringsett i åra 1870-1871, vart brevduer mykje nytta til å utveksle meldingar mellom byen og omlandet. Både under den fyrste og den andre verdskrigen vart brevduer nytta i spionasjeverksemda og for å sende meldingar i andre høve.
Brevduesport[endre | endre wikiteksten]
Kappflyging mellom dresserte duer, såkalla brevduesport, har framleis mange tilhengjarar både i Noreg og ikkje minst i andre land, og det vert drive avl på duer til slik bruk. Norges Brevdueforbund, som vart skipa i 1912 og har nitten regionale grupper, arrangerer kappflygingar i sommarsesongen frå mai til september-oktober.