Hopp til innhald

Currywurst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berliner currywurst

Currywurst er ei steikt eller fritert kokepølse eller bratwurst som vanlegvis blir servert oppskåra og med ein saus av ketsjup eller tomatpuré og i tillegg karripulver. Den litt mer raffinerte varianten kjem med ein pikant saus laga på ingrediensar som ketsjup, løk, honning, kraft, worchestershiresaus, eddik, sterk sennep og krydder som spisskum og kajennepepper, i tillegg til karri. Anna tilbehøyr er rundstykke eller pommes frites. Currywursten blir rekna å ha sitt opphav i Berlin, men har spreidd seg til store delar av Tyskland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Minnetavle over Herta Heuwer, som i 1949 byrja å lage og selje currywurst i Berlin.

Herta Heuwer blir rekna som oppfinnaren av currywursten, etter at ho klarte å skaffe seg ketsjup, eller moglegvis worcestershiresaus, frå britiske soldatar i Tyskland.[1] Ho blanda desse ingrediensane med andre krydder og helte blandinga over grilla svinepølser. Heuwer byrja å selje den billege, men mettande snacksen på ein matkiosk i Charlottenburg-distriktet i Berlin, der han blei ein populær rett blant bygningsarbeidarane som attoppreiste den øydelagde byen.[2]

I 1951 tok Heuwer patent på sausen sin under namnet «Chillup».[2] På sitt høgdepunkt selde matboden 10 000 porsjonar med currywurst per veke.[3] Ho opna seinare ein liten restaurant som var i drift fram til 1974.[4] Den 30. juni 2013 blei 100-årsdagen til Heuwer feira med ein Google Doodle..[5]

I dag blir currywurst ofte seld som take away-mat, «Schnellimbisse» (snackbodar), på spisestader, på barnemenyar på restaurantar, eller som gatemat, og blir vanlegvis servert med pommes frites eller rundstykke (Brötchen). Retten er populær over heile Tyskland, men spesielt i storbyområda Berlin, Hamburg og Ruhrområdet. Betydeleg variasjon, både i type pølse som blir brukt og ingrediensane i sausen, førekjem mellom desse områda.[6]

Vanlege variantar inkluderer tilsetjing av paprika eller hakka lauk. Halal-matboder tilbereder ofte currywurst med biffpølse.[7] Ofte blir currywurst seld i matboder, nokre gongar ved hjelp av ein spesiell maskin for å skjære currywursten i bitar, og blir servert på ein papirtallerken med en liten tre- eller plastgaffel, for det meste ein currywurstgaffel.[7] Det blir også seld som eit hylleprodukt på supermarknader for å tilberede heime.

Deutsches Currywurst Museum anslo at 800 millionar currywursts blir ete kvart år i Tyskland, med 70 millionar i Berlin åleine.[8][9][10][11] Volkswagen-fabrikken i Wolfsburg driv sitt eige slakteri som produserer rundt 7 millionar Volkswagen currywursts per år, og der mesteparten av dei går til å servere Volkswagen-tilsette.[12][13]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Slackman, Michael (26 January 2011). «A Favorite Dish Laden With Fat and Contradiction». The New York Times. Henta 24. oktober 2020. 
  2. 2,0 2,1 Paterson, Tony (15. august 2009). «Spicy sausage that is worthy of a shrine in Berlin». The Independent (London). Henta 30. april 2010. 
  3. «Honoring the best of the Wurst of German Cuisine». Deutsche Welle. 15. august 2009. 
  4. Kessler, Roman (27. august 2009). «The Craze Over Currywurst». The Wall Street Journal. 
  5. «Herta Heuwer's 100th Birthday». www.google.com. 
  6. «Berlin 24/7: What's the currywurst cult all about? | DW | 03.09.2017». DW.COM. 
  7. «A Food Lover's Guide to Berlin». Condé Nast. 12. november 2014. Henta 9. januar 2015. 
  8. «No, it's not like a hot dog and why some people just don't get it.». Henta 7 March 2023. 
  9. Horenburg, Berit (23. august 2002). «Hau wech». Motorrad. Arkivert frå originalen 30 October 2013. Henta 23. oktober 2013. 
  10. «Data and Facts» (PDF) (Press release). Deutsches Currywurst Museum. September 2013. Arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2013. Henta 23. oktober 2013. 
  11. «10 Things We Learned at Berlin's Museum Dedicated to Currywurst». Condé Nast. 17. desember 2014. Arkivert frå originalen 10. januar 2015. Henta 9. januar 2015. 
  12. Radomsky, Stephan (19. februar 2016). «VW verkauft mehr Würste als Autos (VW sells more sausages than cars)». 
  13. «Die Currywurst – das Originalteil wird 45! - Volkswagen inside». Arkivert frå originalen 3. september 2018. Henta 3. september 2018.