Hopp til innhald

Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel er ei av dei femten sjølvstendige ortodokse kyrkjene. Ho er leidd av den økumeniske patriarken, som har status som «den fremste blant likemenn» av biskopane i den ortodokse kyrkja. Han er talsmann for den ortodokse kommunionen. Kyrkja har hovudsete i Istanbul. Sidan 1991 har Bartholomeos I vore økumenisk patriark.

Til det økumeniske patriarkatet høyrer dei ortodokse kyrkjelydane i Tyrkia (unntatt provinsen Hatay) og dessutan dei ortodokse i Vest-Europa, Amerika og Australia. I Hellas høyrer Kreta, Dodekanesa og Berget Atos under patriarkatet i Konstantinopel. Dessutan er delar av Nord-Hellas underlagt det økumeniske patriarkatet, men desse vert etter ei avtale frå 1928 mellombels administrert av Den greske ortodokse kyrkja.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]