Dieter Hoffmann
Dieter Hoffmann | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 27. august 1942 Gdańsk |
Død |
16. september 2016 (74 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
athletics at the 1964 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1968 Summer Olympics – men's shot put |
Utmerkingar |
Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Dieter Hoffmann (27. august 1942–16. september 2016) var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Danzig. Han deltok i kulestøyt for Aust-Tyskland og vart europameister i øvinga i 1969. Hoffmann var medlem av ASK Berlin og seinare ASK Potsdam. Som aktiv var han 188 cm høg og vog 120 kg.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Hoffmann deltok i 1964 i dei olympiske leikane i Tokyo og vart nummer 12. Året etter representerte han DDR og vart nummer fire i Europacupen. I 1966 kom han på åttandeplassen i EM i Budapest.
Den 3. juli 1968 støytte Hoffmann i Potsdam 20,08 meter, ny europarekord. To veker seinare forbetra han, i Sokolov i dåverande Tsjekkoslovakia, europarekorden med to centimeter. I august vann han i Erfurt sin einaste DDR-meistertittel utandørs. Under sommarleikane i Mexico-byen enda han på fjerdeplassen, ni cm bakom bronsevinnaren.
I 1969 vann Hoffmann gullmedaljen i kulestøyt under europameisterskapen i Aten, framom landslagskameratane Heinz-Joachim Rothenburg og Hans-Peter Gies. Same sesongen forbetra han den personlege rekorden til 20,60 meter. Under europameisterskapen 1971 vart han nummer sju. I 1972 vart han nummer fire i kulestøyt i den aust tysk meisterskapen, og gjekk dermed glipp av dei olympiske leikane i München.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 1964 i Tokyo: Nr 12 – 17,11 m
- EM 1966 i Budapest: Nr 8 – 18,02 m
- OL 1968 i Mexico by: Nr 4 – 20,00 m, bakom Eduard Gusjtsjin (20,09 m)
- EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 20,12 m, framom Heinz-Joachim Rothenburg (20,05 m)
- EM 1971 i Helsingfors: Nr 7 – 19,38 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dieter Hoffmann (Leichtathlet)» frå Wikipedia på tysk, den 16. august 2014.