Erich Raeder
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/Bundesarchiv_Bild_146-1987-080-30A%2C_Erich_Raeder.jpg/220px-Bundesarchiv_Bild_146-1987-080-30A%2C_Erich_Raeder.jpg)
Erich Johann Albert Raeder (24. april 1876–6. november 1960 var ein tysk marineoffiser, øvste sjef for Nazi-Tysklands Kriegsmarine frå 1935 til 1943 og sentral i planlegginga av invasjonen av Noreg i april 1940.
Raeder deltok i fyrste verdskrigen både på skip og som stabssjef i den tyske kryssarstyrken. I 1916 var han om bord på slagskipet Lützow då dette vart søkkt under Jyllandsslaget.
I mellomkrigstida var Raeder ein sentral figur i oppbygginga av den tyske marinen. Frå 1928 var han sjef for marinestaben, sidan 1935 sjef for marinen. I 1939 vart han utnemnd til storadmiral. Han leia i 1940 både planlegginga av og sjølve invasjonen av Noreg, kalla Operation Weserübung. I januar 1943 gjekk han av etter usemje med Adolf Hitler.
Nürnbergdomstolen dømte i 1946 Raeder til livsvarig fengsel. Grunna sviktande helse vart han sleppt fri i 1955.