Hopp til innhald

Erik Hajas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Hajas
Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. september 1962 (61 år)
Huddinge
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Erik Hajas i 1995.

Laszlo Erik Hajas (fødd 16. september 1962) er ein svensk tidlegare handballspelar frå Huddinge. Med Sverige sitt landslag vann han i tida 1990-96 VM-gull, EM-gull, to OL-sølv og to VM-bronsar. Hajas var ein svært kjapp venstre-kantspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hajas spelte 1979-88 på SoIK Hellas. Sidan var han aktiv to periodar i IF Guif, fyrst 1988-90 og sidan 1992-2000 i Guif att. Han var toppskårar i den svenske eliteserien 1987, 1989, 1995, 1996, 1997 og 1998. 1990/91-sesongen gjorde han teneste i spanske Puerto Cruz.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hajas deltok åra 1984-97 i 281 av Sverige sine landskampar og skåra 993 mål. Han var med både tre olympiske sommarleikar i rad 1988-96, i dei to siste leikane nådde Sverige OL-finalen. I 1990-verdsmeisterskapen skåra han tre av finalemåla då Sverige vart verdsmeister i handball for fyrste gong sidan 1958. Fire år seinare vart han toppskårar i EM-finalen for Sverige, med sine 8 nettkjenningar bidrog han sterkt til at det vart svensk triumf.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]