Ferentino
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/ff/PiazzaMazzini.jpg/220px-PiazzaMazzini.jpg)
Ferentino er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 81 km². Byen Ferentino ligg på ein ås, 393 meter over havet, 65 kilometer søraust for Roma.
Etter ei kort tid som fristad på 1000-talet høyrde Ferentino til Vatikanet til år 1870. Under andre verdskrigen var området eit sentrum for partisanar. Etter verdskrigen opplevde Ferentino eit økonomisk oppsving gjennom industrialisering.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ferentino» frå Wikipedia på tysk, den 13. juli 2015.