Frederik Georg Lerche
Frederik Georg Lerche | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. mai 1807 |
Død |
4. november 1883 (76 år) |
Yrke | politikar |
Frederik Georg Lerche på Commons |
Fredrik Georg Lerche (27. mai 1807–4. november 1883) var ein norsk jurist, forfattar og politikar.
Liv[endre | endre wikiteksten]
Lerche var fødd på Vallø, faren var forvaltar ved Vallø saltverk. Sjølv vart han student i 1825. I studentida var han ein trufast tilhengar av barndomsvenen Henrik Wergeland. Han tok juridisk embetseksamen i 1830. År 1838 vart han underrettsprokurator i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Frå 1843 var han overrettsprokurator. Ved sidan av sakførarpraksisen skreiv han fleire verk om jus og norsk rettshistorie.
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/F._G._Lerche.png/220px-F._G._Lerche.png)
Lerche vann anerkjenning mellom folk, og under påverknad av Marcus Thrane sin agitasjon vart han vald til stortingsmann for Trondheim. På Stortinget 1851 var han formann i justiskomite nr 2 og i lovkomiteen. Ved neste stortingsval mangla han ei stemme på å verte 1. representant, og vart til sist 4. varamann. Han kom atter på Stortinget 1857 og i 1858, og var i 1857 medlem av bankkomiteen.
Frå 1858 budde Lerche på garden sin, Kvamme, i Strinda. Han flytta i 1867 til Paris, andrekona hans var frå Frankrike. Under omleiringa av Paris i 1870 gjorde han, 67 år gammal, vakttjeneste på vollane. Han deltok derimot ikkje kommunardoppstanden i 1871, då «han ansaa anarkisterne liksom preusserne for motstandere av friheten og civilistationen».[1] Han døydde i Paris i 1883.
Verk[endre | endre wikiteksten]
- Kongeriget Norges offentlige Ret (1830)
- Om Nødvendigheden af Reform i vor Retspleie (1845)
- Yderligere Bidrage til Juristeriets Karakteristik (1846)
- Udsigt over Norges Statsforfatning og Retspleie under dets Selvstændigheds-Periode i Middelalderen (1846)
- Systematisk Oversigt over constitutionel Forfatnings Væsen og dens Indflydelse paa Lovgivning og borgerlige Forholde (1853)
- Paa hvilket Punkt af politisk Udvikling befinder Norge sig for Tiden? (1862)
- Om Capital, Penge, Credit og Bankvæsen (1868)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914
- Salmonsens konversationsleksikon, 2. utg., bind XV, s. 697. København: J. H. Schultz, 1923.
- Fotnotar
- ↑ Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914