Fylkesveg 55
Fylkesveg 55 | |||
---|---|---|---|
55 | |||
Strekning | |||
Høyanger – Dragsvik Sogndal – Lom | |||
Informasjon | |||
Lengd | 248,1 km | ||
Status Fylke |
fylkesveg nasjonal turistveg Innlandet Vestland | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() ![]() ![]() ![]() | |||
Restriksjonar | |||
Vinterstenging | Sognefjellet (november - mai) | ||
Nattestenging | Sognefjellet (vinter) |
- Sjå òg Fylkesveg 55 (fleirtyding)
Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Sogndal og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Innlandet og 195,5 km i Vestland.
Strekninga mellom Stedje og Hella ferjekai vart i 2010 utskild som Riksveg 55, og frå 2019 del av Riksveg 13.[1]
Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.[2]
Turistvegen[endre | endre wikiteksten]
Vegen går hovudsakleg i retning nordaust–sørvest og følgjer dalføret mellom Breheimen og Jotunheimen. Han forlet Rv15 nær Lom stavkyrkje og følgjer Bøverdalen til Røysheim og vidare opp Leirdalen og Breiseterdalen til Krossbu og Sognefjellshytta (1410 moh) der Fantesteinen markerer det høgaste punktet på vegen. Frå her går vegen vidare over Sognefjell til Turtagrø og vidare ned Bergsdalen og Fortunsdalen til Skjolden og vidare langs nordsida av Lustrafjorden til Gaupne.
Vegen vidare[endre | endre wikiteksten]
Vegen forlet Gaupnefjorden i retning sørvest og passerer Hafslo og Sogndal, vidare langs nordsida av Sogndalsfjorden og Sognefjorden forbi Hermansverk og Leikanger til Hella og med ferje over Fjærlandsfjorden. Han følgjer nordsida av Sognefjorden vidare vestover frå Dragsvik og Balestrand til Lånefjorden, frå der går han i tunnel til Høyanger og vidare langs Sognefjorden igjen til Vadheim der han møter E39.
Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]
Innlandet [endre | endre wikiteksten]
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2f/Riksvei_55_ved_Fantesteinen.jpg/220px-Riksvei_55_ved_Fantesteinen.jpg)
Fossbergom (Lom)
Lom stavkyrkje
Flå bru (ca. 80 m)
- Fv467 frå Flå bru til
Lom Prestegard (9,0 km)
- Flåklypa
- Røysheim → veg til Spiterstulen
- Galdesand → Privat veg til Juvasshytta, 1850 moh., med
Galdhøpiggen
- Fv471 frå Leira bru til Kvandalsvoll (5,4 km)
- Vegasjelet → veg til Leirvassbu
Vinterbom, Vegasjelet, open til Turtagrø frå 1. mai
Det høgaste punktet, Fantesteinen, 1434 moh.
Vestland [endre | endre wikiteksten]
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/Riksvei_55_ved_Turtagr%C3%B8.jpg/220px-Riksvei_55_ved_Turtagr%C3%B8.jpg)
Vinterbom, Turtagrø
- Privat bomveg til Fv5632 og 53 ved Øvre Årdal (vinterstengd)
- Fv5638 frå Fortun til Bjørk (6,3 km)
- Fv5637 frå Skjolden via
Feigefossen til Ornes
Urnes stavkyrkje
- Fv5639 frå Hauge bru til Mørkrid (5,7 km)
Ottatunnelen (572 m)
- Luster
Råumtunnelen (514 m)
- 604 frå Gaupne til Jostedalen
Røneidtunnelen (656 m)
- 603 Frå Marifjøra til Eikum
- Fv5640 frå Geitaneset til Lambhaug og Ugulen (3,9 km)
- Fv5640 frå Ugulen til Lambhaug og Geitaneset
- Fv5641 frå Hafslo til Veitastrond (34,0 km)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/60/Hafslovatnet_Norway.jpg/220px-Hafslovatnet_Norway.jpg)
- Fv5642 frå SolvorngalHan til Solvorn (3,2 km) →
ferje til Fv331 Urnes
Urnes stavkyrkje
Stupshølen tunnel (77 m)
Årøytunnelen (405 m)
Nes, felles trasé til Stedje
- Fv5613 frå Sogndal til
Selseng (18,9 km)
Stedje
Mellom Stedje og Hella som riksveg 13
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Kvinnefossen_waterfall_sognefjord.jpg/220px-Kvinnefossen_waterfall_sognefjord.jpg)
- Hermansverk
- Leikanger
Ferje frå Hella
- til Dragsvik (10 min, 1-2 turar/time)
613 Dragsvik, felles trasé til Lunde
613 Lunde
- Arm til Balestrand (0,5 km)
Kræklingen tunnel (337 m)
Tussviktunnelen (520 m)
Kongsnestunnelen (245 m)
Høyangertunnelen (7543 m)
- Høyanger
Kvernhaugtunnelen (1334 m)
Hovdetunnelen (1283 m)
- Kommunal veg til Nordeide ferjekai (0,2 km) →
Ferje frå Nordeide via Måren til Fv5442 Ortnevik (4-7 turar/dag)
Vadheimstunnelen (1658 m)
Vadheim, Førde
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.
- ↑ Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.