Godfrey Kneller
Godfrey Kneller | |
![]() Sjølvportrett, 1685 | |
Statsborgarskap | Tyskland, Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 8. august 1646 Lübeck |
Død |
19. oktober 1723, 27. oktober 1723 (77 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, gravør, miniatyrmålar |
Sjanger | portrett |
Far | Zacharias Kniller |
Godfrey Kneller på Commons |
Godfrey Kneller (opphavleg Gottfried Kniller) (8. august 1646–19. oktober 1723) var ein tysk-britisk portrettmålar som var verksam i England. Komponisten Andreas Kneller var bror hans.
Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/80/Marlborough-duke-first.jpg/220px-Marlborough-duke-first.jpg)
Kneller var fødd i Lübeck og vart utdanna i Nederland under leiing av Ferdinand Bol. Han var også på studiereiser, mellom anna i Italia.
Frå 1674 arbeidde Kneller som portrettmålar i England. Midt på 1680-talet var han den leiande portrettkunstnaren i landet, ein posisjon han tok over etter Peter Lely. I 1688 vart han utnemnd til hoffmålar for den komande kong Villiam, saman med John Riley som døydde tre år seinare. Resten av livet levde Kneller av å måle portrett av så å seie alle samtidige, kunstinteresserte engelske stormenn.
Kneller dreiv ein verkstad med stor produksjon, noko som gjer at ein del av måleria hans er lite originale. I sine beste arbeid viste han derimot stor vitalitet.
Han vart teken opp i adelsstanden i 1715.
Kneller døydde av feber i London i 1723.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
- Denne artikkelen bygger på «Godfrey Kneller» frå Wikipedia på tysk, den 5. april 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)