Hopp til innhald

Great South Africans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Great South Africans
Typefjernsynsprogram
Sjangerdokumentar
OpphavslandSør-Afrika
SpråkEngelsk
KanalFlagget til Sør-Afrika SABC3

Great South Africans var eit sørafrikansk TV-program som gjekk på den statlege kringkastarkanalen SABC3 i 2004. Han var ein av fleire seriar som byge på 100 Greatest Britons frå BBC.

Noeleen Maholwana Sangqu og Denis Beckett var programleiarar. Fjernsynskanalen sendte ei rekke portrettprogram om dei aktuelle kandidatane, og spesielt mange sørafrikanarar deltok i avstemminga via telefon, sms og internett. Dei ti siste plasseringane skulle bli avgjort ved ei ny avstemming, men programmet blei tatt av lufta på grunn av politiske kontroversar, og Nelson Mandela blei gitt den øvste plasseringa basert på den fyrste avstemminga.[1]

Det blei seinare gjeve ut ei bok, Great South Africans: The Great Debate av Penguin Books med korte biografiar om kvart av namna.[2]

Lista[endre | endre wikiteksten]

Lista over dei 100 største sørafrikanarane, før programmet blei teke av lufta:[3]

Nelson Mandela
Nr. Namn Fødd–dødd Rolle
1. Nelson Mandela (1918–2013) aktivist, den fyrste presidenten av Sør-Afrika etter apartheid og nobelprisvinnar
2. Christiaan Barnard (1922–2001) kirurg, pioner innan hjartetransplantasjon
3. Mahatma Gandhi (1869–1948) politisk aktivist
4. Nkosi Johnson (1989–2001) barneaktivist innan HIV/AIDS som døydde av sjukdommen
5. Winnie Madikizela-Mandela (1936–2018) politikar og kone til Nelson Mandela
6. Thabo Mbeki (1942–) andre presidenten av Sør-Afrika etter apartheid
7. Gary Player (1935–) golfspelar
8. Jan Smuts (1870–1950) statsmann og filosof
9. Desmond Tutu (1931–2021) geistleg og nobelprisvinnar
10. Hansie Cronje (1969–2002) cricketspelar
11. Charlize Theron (1975–) skodespelar og oscarprisvinnar
14. Steve Biko (1946–1977) politisk aktivist
15. Shaka Zulu (1787–1828) grunnleggjar av the Zulu nation
16. Mangosuthu Buthelezi (1928–2023) politikar og zuluprins
17. Tony Leon (1956–) politikar
18. Brenda Fassie (1964–2004) songar
19. Mark Shuttleworth (1973–) webentreprenør, grunnleggjar av Thawte, distributør av Ubuntu Linux og den andre betalande romturisten
20. Hendrik Verwoerd (1901–1966) statsminister og hovudutformaren av apartheid
21. Chris Hani (1942–1993) politisk aktivist som var leiar for SACP då han blei drepen
22. Bonginkosi Dlamini (1977–) også kjend som «Zola», poet, skodespelar og musikar
22. Patricia de Lille (1951–) politikar
23. Johnny Clegg (1953–2019) musikar, også kjend som «The White Zulu»
24. Helen Suzman (1917–2009) statskvinne
25. Eugène Terre'Blanche (1941–2010) grunnleggjar av Afrikaner Weerstandsbeweging
26. Pieter-Dirk Uys (1945–) politisk satirist og underhaldar
27. Paul Kruger (1825–1904) president av Den sørafrikanske republikken
28. Anton Rupert (1916–2006) forretningsmann og environmentalist
29. Jonty Rhodes (1969–) cricketspelar
30. Leon Schuster (1951–) filmmakar, komikar, skodespelar og underhaldar
31. Oliver Tambo (1917–1993) politisk aktivist som levde 30 år i eksil
32. Steve Hofmeyr (1964–) musikar og skodespelar
33. Walter Sisulu (1912–2003) politisk aktivist
34. Cyril Ramaphosa (1952–) den femte presidenten av Sør-Afrika etter apartheid, politikar og forretningsmann
35. J.R.R. Tolkien (1892–1973) engelsk forfattar fødd i Bloemfontein, skreiv The Hobbit og The Lord of the Rings
36. Beyers Naude (1915–2004) geistleg og antiapartheid-aktivist
37. Ernie Els (1969–) golfspelar
38. Miriam Makeba (1932–2008) musikar
39. Patrice Motsepe (1962–) forretningsmann
40. Trevor Manuel (1956–) teknisk teiknar, finansminister og politikar
41. Albert Luthuli (1898–1967) geistleg, politikar og nobelprisvinnar
42. Robert Sobukwe (1924–1978) politisk aktivist og grunnleggjar av PAC
43. Tokyo Sexwale (1953–) politikar og forretningsmann
44. Danny Jordaan (1951–) politikar og fotballadministrator
45. Fatima Meer (1928–2010) vitskapskvinne og politisk aktivist
46. Ahmed Kathrada (1929–2017) politisk aktivist
47. Joe Slovo (1926–1995) kommunistisk politikar
48. Natalie du Toit (1984–) funksjonshemma olympisk symjar
49. Jomo Sono (1955–) fotballtrenar
50. Francois Pienaar (1967–) kaptein for Springboks, som vann Rugby World Cup 1995
51. John Kani (1943–) skodespelar, underhaldar, forfattar og vinnar av Tonyprisen
52. Penny Heyns (1974–) olympisk symjar
53. Jeremy Mansfield (1963-2022) radio- og TV-person
54. Lucas Radebe (1969–) fotballspelar, kaptein for Bafana Bafana og Leeds United
55. Mamphela Ramphele (1947–) politisk aktivist, akademikar, forretningskvinne og mor til Steve Biko sin son
56. Cecil Rhodes (1853–1902) forretningsmann og statsminister for Kappkolonien
57. Albertina Sisulu (1918–2011) politisk aktivist, gift med Walter Sisulu
58. Aggrey Klaaste (1940–2004) journalist og redaktør som tala for nasjonsbygging under kriseåra
59. Alan Paton (1903–1988) forfattar
60. Harry Oppenheimer (1908–2000) forretningsmann
61. Zackie Achmat (1962–) HIV-positiv AIDS-aktivist og kritikar av AIDS-politikken i landet
62. Doctor Khumalo (1967–) fotballspelar
63. Jan van Riebeeck (1619–1677) fyrste koloniadministrator
64. Bruce Fordyce (1955–) ultramaratonløpar
65. Enoch Sontonga (1873–1905) lærar, lekpredikant og komponist, skreiv «Nkosi Sikelel' iAfrika»
66. Zola Budd (1966–) friidrettsutøvar
67. Sol Plaatje (1877–1932) journalist og politisk aktivist
68. Danie Craven (1910–1994) rugbyspelar og administrator
69. Alan Boesak (1946–) geistleg og politikar
70. Felicia Mabuza-Suttle (1950-) talk show-vert, talar og forretningskvinne
71. Yvonne Chaka Chaka (1965–) musikar
72. «Baby» Jake Matlala (1962–2013) boksar
73. Kaizer Motaung (1944–) grunnleggjar av Kaizer Chiefs Football Club
74. Basetsana Kumalo (1974–) Miss South Africa, programleiar og forretningskvinne
75. Antjie Krog (1952–) poet, romanforfattar og dramatikar
76. Dullah Omar (1934–2004) politikar
77. Mandoza (1978–2016) musikar
78. Nkosazana Dlamini-Zuma (1949-) politikar og aktivist, tidlegare kone til Jacob Zuma
79. Raymond Ackerman (1931–2023) forretningsmann
80. Nadine Gordimer (1923–2014) forfattar og nobelprisvinnar
81. Daniel François Malan (1874–1959) statsminister som gjorde grunnarbeidet for apartheid-systemet
82. Frederik van Zyl Slabbert (1940–2010) politikar
83. James Barry Munnik Hertzog (1866–1942) statsminister
84. Hector Pieterson (1963–1976) ung gut som døydde og blei symbol på Soweto-oppreisten i juni 1976
85. Sewsunker "Papwa" Sewgolum (1930–1978) golfspelar
86. William Smith (1939–2021) TV-lærar og programleiar
87. P. W. Botha (1916–2006) statsminister og delstatspresident
88. Hugh Masekela (1939–2018) musikar
89. Bulelani Ngcuka (1954–) politikar
90. Jody Scheckter (1950–) Formel ein-vinnar
91. George Bizos (1928–2020) advokat
92. Mbongeni Ngema (1954–2023) dramatikar, skodespelar, choreographer og director
93. PJ Powers (1960–) musikar
94. Mimi Coertse (1932–) musikar
95. Mrs Ples (2 million f.Kr.) Australopithecus africanus; den eldste hominid-skallen funnen i Sterkfontein-hola
96 Abdullah Ibrahim
aka «Dollar Brand»
(1934–) musikar
96. Govan Mbeki (1910–2001) politisk aktivist og far til Thabo Mbeki
97. Jamie Uys (1921–1996) filmregissør
98. JH Pierneef (1886–1957) kunstnar
99. Tebogo Modjadji-Kekana (1977–) filantrop og prinsesse
100. Athol Fugard (1932–) dramatikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jager, Christelle De (24. oktober 2004), «Pubcaster pulls not-so-‘Great’ show», Variety (på engelsk), henta 16. juni 2024 
  2. The African Book Publishing Record (på engelsk), Hans Zell Limited, 2007, henta 16. juni 2024 
  3. «The 10 Greatest South Africans of all time». BizCommunity. 27 September 2004. Henta 31 March 2017.