Hopp til innhald

Jørgen Mohus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Mohus
Personleg informasjon
Fullt namn Jørgen Aarre Mohus
Fødd 5. september 1991
Fødestad Bergen
Høgd 185 cm
Posisjon Målvakt
Nummer 1
Ungdomsklubbar
-2008 Noreg Tertnes IL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009 Noreg Brann 0 (0)
2009 Noreg Åsane (lån)
2011 Noreg Åsane (lån)
2012- Noreg Brann 4 (0)
Landslag
2008 Noreg G17 4 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2013
‡ Landslagsmål oppdatert 10. april 2012

Jørgen Aarre Mohus (fødd 5. september 1991) er ei norsk fotballmålvakt frå Bergen.

Jørgen Mohus spelte for Tertnes fram til 2008. Sommaren 2008 vart han henta inn til Brann som reservemålvakt då alle dei dåverande målvaktene var enten skadde eller på utlån. Jørgen Mohus var då 16 år gamal. I 2009 vart han sendt på utlån til Åsane, medan han samstundes trente med Brann. I 2010 var det òg aktuelt å låne han ut, men sidan Brann ønskte å ha høvet til å hente han raskt attende, vart ikkje dette noko av. I heile sesongen var han reserver for Håkon Opdal, som spelte alle kampane dette året, og Mohus fekk berre spele for Brann 2 i tredjedivisjon.[1] I 2011 vart han igjen utlånt til Åsane og spelte heile sesongen i andre divisjon for dei.

I 2012-sesongen vart Mohus andremålvakt for Brann etter Piotr Leciejewski. Diverre skadde han eine ringfingeren under ei trening ei veke før seriestart,[2] og måtte trena utan å bruka hendene i åtte veker etterpå.[3]Piotr Leciejewski òg skadde seg noko etterpå, vart Brann nøydd til å henta inn ei ny målvakt, Hannes Halldorssón frå Island. Mohus fekk debuten sin for A-laget hausten 2012 i bortekampen mot Viking den 4. november. Kampen enda med tap 2–1. Han spelte to kampar til denne hausten.

I 2013-sesongen fekk han spele ein kamp, borte mot Sogndal, då Leciejewski var skadd. Brann tapte kampen 3–1.

Sesong Lag Turn. Kmp Min Ins.m. Ass. Sm G.k. R.k. Resultat
V U T
2013 Brann Tippeligaen 1 90 3 0 0 0 0 0 0 1
Cupen 2 180 1 0 0 0 0 2 0 0
2012 Brann Tippeligaen 3 270 6 0 0 0 0 0 0 3
Totalt 6 540 10 0 0 0 0 2 0 4


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Spelarprofil på brann.no». brann.no. Henta 17. mai 2013. 
  2. Fotball.bt.no, 05.04.12: Jørgen Mohus' tunge hverdag, arkivert frå originalen 8. april 2012, henta 11. april 2012 
  3. Brann.no, 21.03.12: Mohus ute med fingerskade, arkivert frå originalen 23. mars 2012, henta 11. april 2012