Kangertittivaq
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Greenland.A2003233.1340.250m.jpg/220px-Greenland.A2003233.1340.250m.jpg)
Kangertittivaq (grønlandsk), dansk Scoresby Sund, er ein fjord eller eit fjordsystem på Aust-Grønland. Fjordsystemet har form som eit tre, med lange fjordarmar ut frå hovudfjorden, dei lengste strekker seg 340-350 kilometer inn frå kystlina, med eit største djup på om lag 1 450 meter. Fjorden, som er den største i verda, dekker eit areal på 38 000 km².
I fjordsystemet er ei rad større øyar. Milne Land, den største av øyane, er 3 913 km² stor. På nordsida av fjordopninga ligg Ittoqqortoormiit, den einaste faste buplassen i området.
Den britiske oppdagaren William Scoresby kartla Kangertittivaq i 1822.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Scoresby Sund» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2013.