Langenuen
60°3′4.0752″N 5°19′34.712″E / 60.051132000°N 5.32630889°E
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bb/MS_%C2%ABOtto_Sverdrup%C2%BB_i_Langenuen_mellom_Fitjar_og_Tysnes.jpg/220px-MS_%C2%ABOtto_Sverdrup%C2%BB_i_Langenuen_mellom_Fitjar_og_Tysnes.jpg)
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f6/H%C3%B8gspentlinene_over_Langenuen_mellom_Stord_og_Tysnes.jpg/220px-H%C3%B8gspentlinene_over_Langenuen_mellom_Stord_og_Tysnes.jpg)
Langenuen er eit sund i Sunnhordland i Vestland fylke, mellom øyane Stord og Huftarøy i Austevoll i vest og Tysnesøy og Reksteren i Tysnes kommune i aust. Sundet er 35 km langt og strekkjer seg frå Husnesfjorden ved innløpet til Hardangerfjorden i sør til Bjørnefjorden i nord. Mellom Stord og Huftarøy kjem Selbjørnsfjorden inn frå vest.
Det går ferjesamband mellom Sandvikvåg på Fitjar heilt nord på Stord til Halhjem i Os kommune, som går langs den nordlege delen av Langenuen. Frå Jektevik på Stord går det ferjesamband over Langenuen til Hodnanes på Tysnes og til Huglo. Det er planar om å byggje ei bru over Langenuen frå Jektevik på Stord til Hodnanes på Tysnes som ein del av E39 og den framtidige kyststamvegen mellom Stord og Bergen.
- Historie
Den 30. mars 1942 styrta eit fly frå den tyske krigsmakta, av modelltypen Messerschmitt Bf 109 i Langenuen, truleg grunna tekniske vanskar. Piloten omkom i styrten.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Knut Rage (6. juni 2019). «Flystyrten i Langenuen 1942». Tysnes 67 (22).