Legenda aurea
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Dominikus_Tod_Leg.Aur.jpg/220px-Dominikus_Tod_Leg.Aur.jpg)
Legenda aurea, 'den gylne legenda', er ei samling soger frå 1200-talet, skriven av Jacobus de Voragine. Ho handlar om kristne helgenar knytte til kyrkjeåret og historia til langobardane. Boka var ei av dei mest lesne i seinmellomalderen, og blei omsett til ei rekkje språk. I Norden var ho godt kjend. Det blei trykt over 90 utgåver av henne før 1500.[1]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Ei oppslått utgåve av boka.
-
Illustrasjon frå ei engelsk utgåve frå 1493, med teksten «Here begynneth the legende named in Latyn Legenda aurea = that is to say in Englysh, the Golden legende: for lyke as passeth golde in valewe al other metallys, soo thys legende excedeth all other bokes.»
-
Jacobus de Voragine som preiker. Miniatyr frå eit fransk manuskript frå 1480-1490.
-
Ei side frå Legenda aurea trykka i Madrid av Juan Garcia i 1688. Ei apokryfisk soge om to jordmødrer ved fødselen av Jesusbarnet er blitt sensurert vekk av ein sensor kalla Pablo.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Legenda aurea». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
![Spire](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ed/Book_Hexagonal_Icon.svg/20px-Book_Hexagonal_Icon.svg.png)