Hopp til innhald

Leonhard Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leonhard Holmboe

Fødd10. oktober 1802
Trondenes kommune
Død24. september 1887 (84 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
FarJens Holmboe
BarnLeonhard Elisar Holmboe
Alle verv

Leonhard Christian Borchgrevink Holmboe (10. oktober 180224. september 1887) var ein norsk prest og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Even og Hans Holmboe var brørne hans.

Holmboe vart student i 1823 og cand. theol. i 1827. Same året, 1827, vart han sokneprest i Buksnes. Sidan var han sokneprest i Tromsø 1839-60 og i Jevnaker 1860-77.

Holmboe representerte Nordlands amtStortinget i 1836 og på omframstortinget 1836-37. Han var då medlem av næringskomiteen. På ny stortingsrepresentant 1842, då for Finmarkens amt (som omfatta dagens Finnmark og Troms fylke), medlem av næringskomite nr 2.

Han busette seg i Kristiania etter han slutta som prest, døydde der i 1887.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914