Manbijsletta
Manbijsletta | |||
slette | |||
Land | Syria, Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Provins | provinsen Gaziantep | ||
Manbijsletta 36°34′17″N 37°56′36″E / 36.571388888889°N 37.943333333333°E |
Manbijsletta (arabisk سهل منبج) er ei stor slette aust på Aleppoplatået i det nordlege Syria og søraustlege Tyrkia. Sletta ligg langs vestsida av Eufrat og strekkjer seg 140 km frå Nizip til Maskanah, med ei breidde på 15–30 km. Ho ligg innanfor Manbij og Jarābulus-distrikta i Aleppo guvernement i Syria, og Nizip- og Karkamış-distrikta i provinsen Gaziantep i Tyrkia.
Grenser og skildring[endre | endre wikiteksten]
Middelhøgda på sletta er kring 400 meter over havet. Ho heller slakt frå aust til vest. Sletta kan delast i ein nordlege og ein sørleg del. Den nordlege delen strekkjer seg frå Nizip til Manbij. Denne delen er omgjeven av Aintabplatået i nord og vest. Elvane Nizip, Merzimen (Bozatlı) og Sajur kryssar sletta frå aust til vest. Sletta er busett av ein tyrkisk folkesetnad i tillegg til arabarar og andre etniske minoritetar. Tyrkarane kalla sletta Barak etter namnet på eit tyrkisk folk. I Syria vert ho kalla den nordlege Manbijsletta.
Den sørlege sletta strekkjer seg frå Manbij til Maskanah. Ho grensar i vest til Dhahabdalen og Jabboulsjøen. I sør går ho over i den tørre steppa i nordlege delar av Den syriske ørkenen.
Det har vore drive jordbruk med kunstig vatning på sletta sidan antikken. Arkeologiske funn frå yngre steinalder har blitt oppdaga i Sajurdalen. Zeugma ved Eufrat er ein stad frå antikken som vart oppdaga i nordenden av sletta.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Manbij plain» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: