Mannen i Romsdalen
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/90/Marstein_stasjon.jpeg/220px-Marstein_stasjon.jpeg)
Mannen er eit 1294 m høgt fjell over Horgheim i Romsdalen. Fjellet har ei særeiga tindenål og forma kan minna om ei enorm gås som sit og skodar ut over dalen. Det er synleg frå dalføret.
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0a/Trolltindene_-_no-nb_digifoto_20150219_00175_NB_MIT_FNR_16460.jpg/220px-Trolltindene_-_no-nb_digifoto_20150219_00175_NB_MIT_FNR_16460.jpg)
Fjellet er ustabilt og ein ventar eit ras på opp mot 120 mill m³. Fjellet har sidan 2009 vore overvaka av Åknes/Tafjord beredskap IKS. Hausten 2014 vart det observert auka rørsle i fjellet. Rørsla er svært følsam for nedbør og ved slutten av oktober 2014 vart fleire hus evakuerte og Raumabanen vart stengd.[1]
Overvakinga i 2017 skjer mellom anna med GPS-antennar, bakkebasert radar mot terreng, laser, geofonar, elektronisk vater (tiltmeter), boreholsinstrument (DMS) som mælær deformasjon, mikrofonar, ekstensometer (strekkstag), meteorologisk stasjon og web-kamera. Eit tiltak for å få slutt på dei stadige evakueringane når fjellet rører på seg, er å pumpe vatn frå ei tjørn på baksida av Mannen opp i tre store vasstankar. Deretter skal vatnet sprøytast gjennom slanger ned i sprekkene i fjellpartiet. Dette skal skje når rørslene i fjellet er store og folk i faresonen er evakuerte.[2]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Nokre store rasulykker på Nordvestlandet:
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Sjøberg, J., Valvik, M. E. og Mauren, A., «Kan forvente et skred i løpet av kvelden», Aftenposten, 28/10-2014.
- ↑ «Nå skal de endelig få Mannen til å rase», TV2, 04.06.2017
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- NGU-rapport om Mannen Arkivert 2008-12-29 ved Wayback Machine.