Hopp til innhald

Marie-Jeanne Riccoboni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie-Jeanne Riccoboni

Pseudonym Marie-Jeanne Laboras de Mézières
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. oktober 1713
Paris
Død

7. desember 1792 (79 år)
Paris

Yrke skodespelar, romanforfattar, skodespelforfattar, teaterskodespelar, skribent
Språk fransk
Signatur
Marie-Jeanne Riccoboni på Commons

Marie-Jeanne Riccoboni (25. oktober 17137. desember 1792), fødd Laboras de Mézières, var ein fransk forfattar og skodespeler.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ho var fødd i Paris i 1713.[1] Foreldra hennar var Marie-Marguerite Dujac frå Paris og Christophe de Heurles du Laboras frå Troyes. Dei hadde gifta seg 29. april 1710, men faren var allereie gift, og blei dømt for bigami[1] den 4. juni 1714. Han drog tilbake til den fyrste kona si i Troyes. Riccoboni var no rekna som uektefødd, og blei sett i kloster for å bli nonne. Ho nekta å følgja denne avgjersla, og mor hennar måtte ta henne ut att då ho var 14, i 1728.[1]

I 1734 gifta ho seg med Antoine François Riccoboni, som var komikar og dramatikar, men ekteskapet skal ha vore ulukkeleg. Gjennom ektemanne fekk ho sjølv høve til å bli skodespeler, men hadde berre moderat suksess på scenen.

Riccoboni gav ut sin fyrste roman i 1757, og fekk suksess i heimlandet og i omsetjing i England. Ho blei redaktør for eit tidsskrift, L'Abeille, i 1761.

Ho fekk ei liten pensjon frå krona, men mista denne som følgje av revolusjonen. Ho døydde i Paris den 7. desember 1792 i stor fattigdom.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste romanen til Riccoboni var Les Lettres de Mistris Fanni Butlerd (1757), som tok for seg utelukkinga av kvinner frå det offentlege livet.[2] Ho er òg kjend for å ha publisert Les Lettres de Juliette Catesby i 1759.[3] Frances Brooke si omsetjing til engelsk blei raskt ein suksess i England, og gjekk gjennom seks opplag.[3] I skreiv Riccoboni ein roman kring temaet til Fielding sin roman Amelia, og i 1765 gav ho ut eit framhald av Marivaux sitt ufullendte verk Marianne. Riccoboni korresponderte òg med Pierre Choderlos de Laclos, forfattaren av Les Liaisons Dangereuses, og med David Hume og den kjende teatermannen David Garrick. Breva til desse personlegdommane, inkludert diplomaten Robert Liston, inneheld ei skildring av livet i Frankrike på siste delen av 1700-talet.[4]

Verka til Madame Riccoboni har parallellar i engelsk litteratur gjennom verk av Laurence Sterne og Samuel Richardson. Ein enda nærare parallel kan ein finna i verka til Henry Mackenzie. Verka hennar er òg blitt skildra som «brevromanar» som inneheld forhandlingar om kvinnelegheit, lyst og ambisjon.[5] Ho påverka andre skribentar, inkludert Pierre Choderlos de Laclos og den litterære estetikken hans.[6]

Nokre av dei kjende verka hennar er:

  • Lettres de mistriss Fanni Butlerd (1757)
  • the remarkable Histoire du marquis de Cressy (1758)
  • Les Lettres de Juliette Catesby (1759), an epistolary novel appreciated by Voltaire and translated into English by Frances Brooke in 1760
  • l'Histoire d'Ernestine (1765), which La Harpe thought her masterpiece
  • three series of Lettres in the names of:
    • Adelaide de Dammartin (comtesse de Sancerre) (2 vol., 1766)
    • Elizabeth Sophie de Valliere (2 vol., 1772)
    • Milord Rivers (2 vol., 1776)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Laurence Vanoflen (2013), Béatrice Didier, Antoinette Fouque og Mireille Calle-Gruber (dir.), red., «Riccoboni, Marie-Jeanne (née Laboras de Mézières) [Paris 1713 - Id. 1792]», Dictionnaire universel des créatrices (på fransk) (Éditions Des femmes), s. 3661 
  2. Cook, Elizabeth (1996). Epistolary Bodies: Gender and Genre in the Eighteenth-Century Republic of Letters. Stanford, CA: Stanford University Press. s. 114. ISBN 978-0-8047-6486-5. 
  3. 3,0 3,1 Donkin, Ellen (3. august 2005). Getting Into the Act: Women Playwrights in London 1776-1829 (på engelsk). Routledge. ISBN 978-1-134-89085-9. 
  4. Fellows, Otis; Carr, Diana (1981). Diderot Studies. Geneva: Librairie Droz. s. 375. ISBN 978-2-600-03940-6. 
  5. Jensen, Katharine Ann (1995). Writing Love: Letters, Women, and the Novel in France, 1605-1776 (på engelsk). Carbondale: Southern Illinois University Press. s. 126. ISBN 0-8093-1849-0. 
  6. Sol, Antoinette Marie (2002). Textual Promiscuities: Eighteenth-century Critical Rewriting (på engelsk). Bucknell University Press. s. 7. ISBN 978-0-8387-5500-6.