Hopp til innhald

Marienborg stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marienborg stasjon


Marienborg haldeplass 2007

Stasjonsområde
Stad Marienborg
Distanse 549,95
Opna 7. januar 2001
Arkitekt Pir II - Frederik Shetelig
Linjer og rutedrift
Linje(r) Dovrebanen, Stavnebanen
Overgang
Kart
Marienborg haldeplass

Marienborg stasjon er ein haldeplass på Dovrebanen ved Marienborg i Trondheim. Lokaltoga på Trønderbanen stoppar på haldeplassen. Marienborg opna i 2001 og erstatta Stavne stoppestad som låg 700 meter lengre sør. Stasjonen har to plattformer, ligg 549,95 kilometer frå Oslo sentralstasjon og omlag 2 kilometer sørvest for Trondheim stasjon. Det nordre tilsvinget til Stavne-Leangenbanen tar av frå Dovrebanen ved Marienborg.

Marienborg stasjon ligg på området til lokomotivverkstaden på Marienborg. Han ligg òg like ved St. Olavs hospital, med bru over Nidelva til sjukehuset.

Nidareid-ulykka i 1921[endre | endre wikiteksten]

Nidareid-ulykka ved Ila i Trondheim
Fotografi fra Nidareid-ulykka i 1921

Marienborg spela ei viktig rolle i Nidareid-ulykka i 1921, der nordgåande dagtog frå Støren skulle ha venta på kryssande tog på stasjonen, men køyrde fram og kolliderte med eit sørgåande ekstratog ved Ila. Ombord på ekstratoget var ei lang rekkje prominente samfunnsborgarar som hadde vore gjestar på den høgtidelege opninga av Dovrebana dagen før. Seks personar døydde i ulykka, mellom anna arkitekten Erik Glosimodt som hadde teikna stasjonsbygningane langs bana.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]