Hopp til innhald

Nathaniel Hawthorne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nathaniel Hawthorne

Pseudonym Monsieur de l’Aubépine
Statsborgarskap USA
Fødd 4. juli 1804
Salem
Død

19. mai 1864 (59 år)
Plymouth

Yrke romanforfattar, skribent, diplomat, barnebokforfattar, science fiction-forfattar
Språk engelsk
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Sjanger gotisk litteratur, novelle, kortroman, roman
Medlem av Phi Beta Kappa
Religion unitarisme
Far Nathaniel Hathorne
Mor Elizabeth Clarke Hathorne
Ektefelle Sophia Hawthorne
Born Julian Hawthorne, Mother Mary Alphonsa
Signatur
Nathaniel Hawthorne på Commons

Nathaniel Ingersoll Hawthorne (4. juli 180419. mai 1864) var ein amerikansk forfattar. Hawthorne blir rekna som ein av dei fremste episke litterære representantane i USA på 1800-talet. Han blir rekna til den såkalla Concord-gruppa, i lag med Ralph Waldo Emerson og Henry David Thoreau.

Han skreiv psykologiske romanar, mellom dei The Scarlet Letter (1850) og The House of the Seven Gables (1851).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Nathaniel Hawthorne var fødd i nærleiken av Boston, i den vesle byen Salem, i eit hus med sju gavlar som no er museum. Han voks opp i ein farlaus og ganske gledesfattig heim, og fekk ofte slektshistoria fortald. Slekta Hawthorne, fortel Nathaniel i forordet til The Scarlet Letter, var nokre av dei som plasserte Salem på kartet med forfølgingar mot hekser, indianarar og religiøst annleistenkande. Han opplevde handlingane til forfedrane som ein arvesynd. Faktum er at forfaren hans William var ein av dei leiande i desse hendingane.

Nathaniel Hawthorne studerte ved Bowdoin College i Brunswick i Maine 1821–1825 og vende sidan tilbake til Salem, der han levde svært tilbaketrekt og berre arbeidde på utviklinga si som forfattar, med studium av tysk romantisk litteratur. I 1828 debuterte han med studentromanen Fanshawe. Denne blei følgd av fleire mindre noveller som han samla samla eit utval av i Twice-Told Tales frå 1837 (mellom anna «The Hollow of the Three Hills», «Dr. Heidegger's experiment» og «The Minister's Black Veil»).

Frå 1839 til mars 1841 var Hawthorne tilsett ved tollverket i Boston. Åra 1841–1842 var han ved Brook Farm, eit utopisk samfunnseksperiment i anda til Fourier og Owen. I 1842 gifta han seg med Sophia Peabody og slo seg ned i Concord i Massachusetts. Ei samling barneforteljingar, Biographical tales for children (1842), andre bandet av Twice-Told Tales (same år) og den betydelege novellesamlinga Mosses from an old manse (1846), som har ei innleiingsskisse som skildrar heimen hans i Concord, blei til der. Frå 1846 til 1849 var han tollforvaltar i Salem.

I 1850 fullførte han boka The Scarlet Letter, ei dyster livshistorie om skuld og hemnsom er sett på som ein av dei fremste romanane i amerikansk litteratur. Same året flytta han til Lenox, der han skreiv romanen The House of the Seven Gables (1851), med ei skildring av heimbyen sin historia hans. The Blithedale Romance (1852) attgir i omdikta form erfaringane hans frå Brook Farm.

For borna sine skreiv Hawthorne to samlingar av greske soger, A Wonder-Book for Girls and Boys (1852) og Tanglewood Tales (1853), som blei mykje utbreidde. Samstundes kom ei ny samling av dei kortare noveller hans ut, The Snow Image (1852).

I 1853 flytta Hawthorne til Liverpool som amerikansk konsul - ei prestisjetung stilling som han oppnådde takka vere president Franklin Pierce, hans gamle skulekamerat, som han hadde bidrege til å veljast med ein valpolitisk biografi. Men politiske skifte i USA gjorde at han måtte gå frå posten i 1857. Via Frankrike begav han seg då i staden til Italia, som han vende tilbake til England frå i 1859. Her gav han i 1860 ut den siste større romanen sin, The Marble Faun: Or, The Romance of Monte Beni (i England også kalla Transformation).

Etter å ha flytta tilbake til Concord gav han ut Our Old Home (1863), ei samling notat frå opphaldet i England, med til dels svært skarpe dommar om engelsk folkeånd og engelske forhold. Han byrja på fleire større verk, men rakk ikkje meir enn brotstykke (The Ancestral Footstep; Septimius Felton, or, the Elixir of Life; Dr. Grimshawe's Secret, The Dolliver Romance) før han døydde. Notata hans frå framande land, Notebooks, blei gjenve ut posthumt i 1868 og 1870-71, First Diary kom ut i 1897.

Standardbiografien om Nathaniel Hawthorne, bortsett frå eigenskrive materiale, blei skriven av son hans Julian Hawthorne (2 band, 1884), som òg skreiv romanar og andre forfattarportrett.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Hawthorne, som fyrst og fremst tok for seg skuldkjensle og kriminalitet, er viktig gjennom den psykologiske djupna og den kunstneriske forma i verka sine. Han blir til tider rekna med til dei romantiske forfattarane, men òg til den viktorianske litteraturen og realismen; han er knytt til den gotiske romanen og til den historiske betraktinga som karakterisert romantikken, men er òg innforstått med moralen og seksualsynet som pregar viktorianismen, og søket etter sanning som realismen representerer. I The Scarlet Letter er det eit brot mellom driftsutlevinga til den einskilde og reglane i samfunnet. The House of the Seven Gables, som i visse omsyn kan omtalast som gotisk, føregrip til ein viss grad Sigmund Freud sin psykoanalyse og symbolismen, ved at huset er ein metafor for mennesket sin sjel og slektsfortida. Daguerrotypi-makaren Holgrave i denne romanen blir vanlegvis sett på som ei alter ego for Hawthorne, som den som skildrar hendingar og personar med fotografisk likskap, utan satiriske, sensasjonelle eller sentimentale fargelegging. Med den politiske bakgrunnen blei seinare den amerikanske draumen eit tema for Hawthorne, noko som er uttrykt mest tydeleg i The Blithedale Romance.

Hawthorne blir vanlegvis knytt til Concord-gruppa, som representerer den amerikanske romantikken og transcendentalismen. Til skilnad frå Emerson og Thoreau har likevel Hawthorne eit pessimistisk historiesyn og menneskebilete. Mennesket har ingen fri vilje, men er fange av arvesynden. Teodicéproblemet blir behandla i Edgar Allan Poes sin skrekkromantiske etterfølgjar i Twice-Told Tales, som òg fekk god omtale av Poe. Kritikarar av Hawthorne har i staden hevda at karakterane i verka hans snarare er typekarakterar som minnar om moralitetar som han projiserer sin eigen moralfilosofi på.

Oppkalling[endre | endre wikiteksten]

Hawthorne har fått eit krater oppkalla etter seg på Merkur, Hawthornekrateret.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Fanshawe (gjeven ut anonymt, 1828)[1]
  • The Scarlet Letter, A Romance (1850)
  • The House of the Seven Gables, A Romance (1851)
  • The Blithedale Romance (1852)
  • The Marble Faun|The Marble Faun: Or, The Romance of Monte Beni (1860) (som Transformation: Or, The Romance of Monte Beni i Storbritannia same året)
  • The Dolliver Romance (1863, ufullendt)
  • Septimius Felton; or, the Elixir of Life (ufullendt, gjeven ut i Atlantic Monthly, 1872)
  • Doctor Grimshawe's Secret: A Romance (ufullendt, med forord og notar av Julian Hawthorne, 1882)

Short story collections[endre | endre wikiteksten]

  • Twice-Told Tales (1837)
  • Legends of the Province House (1838–1839)
  • Grandfather's Chair (1840)
  • Mosses from an Old Manse (1846)
  • A Wonder-Book for Girls and Boys (1851)
  • The Snow-Image, and Other Twice-Told Tales (1852)
  • Tanglewood Tales (1853)
  • The Dolliver Romance and Other Pieces (1876)
  • The Great Stone Face and Other Tales of the White Mountains (1889)

Noveller i utval[endre | endre wikiteksten]

  • «The Hollow of the Three Hills» (1830)
  • «Roger Malvin's Burial» (1832)
  • «My Kinsman, Major Molineux» (1832)
  • «Young Goodman Brown» (1835)
  • «The Gray Champion» (1835)
  • «The White Old Maid» (1835)
  • «Wakefield» (1835)
  • «The Ambitious Guest» (1835)
  • «The Minister's Black Veil» (1836)
  • «The Man of Adamant» (1837)
  • «The May-Pole of Merry Mount» (1837)
  • «The Great Carbuncle» (1837)
  • «Dr. Heidegger's Experiment» (1837)
  • «A Virtuoso's Collection» (May 1842)
  • «The Birth-Mark» (March 1843)
  • «The Celestial Railroad» (1843)
  • «Egotism; or, The Bosom-Serpent» (1843)
  • «Earth's Holocaust» (1844)
  • «Rappaccini's Daughter» (1844)
  • «P.'s Correspondence» (1845)
  • «The Artist of the Beautiful» (1846)
  • «Fire Worship» (1846)
  • «Ethan Brand» (1850)
  • «The Great Stone Face» (1850)
  • «Feathertop» (1852)

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Life of Franklin Pierce (1852)
  • Our Old Home (1863)
  • Passages from the English Note-Books (1870)
  • Passages from the French and Italian Note-Books (1871)
  • Passages from the American Note-Books (1879)
  • Twenty Days with Julian & Little Bunny, a Diary (skriven 1851, gjeven ut 1904), utdrag frå Passages from the American Note-Books.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Materiale frå Nordisk familjebok, «Hawthorne, Nathaniel», 1913.


  • Jean Bolinder, förord till Huset med de sju gavlarna, Stockholm 1978
  • Epoker och diktare 2, redaktör Lennart Breitholtz, Stockholm 1973, s. 167
  • Litteraturens historia i världen, Bernt Olsson/Ingemar Algulin, Stockholm 1992, s. 346

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Publication info on books from Editor's Note to The Scarlet Letter by Nathaniel Hawthorne; Page Books, accessed June 11, 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nathaniel Hawthorne