Passasjeinstrument
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/20/Meridian_Circle_-_Kuffner_Observatory.jpg/220px-Meridian_Circle_-_Kuffner_Observatory.jpg)
Eit passasjeinstrument er ein kikkert med horisontal omdreiingsakse. Svingeplanet for den optiske aksen til kikkerten er ofte meridianen. Instrumentet vert nytta til observasjon av stjernepassasjer, som vert nytta til rektascensjons- og tidsavgjersler. Det første instrumentet vart konstruert av Ole Rømer. Moderne passasjeinstrument er automatiserte og knytt til datamaskinar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Passasjeinstrument», Store norske leksikon, 2011, 14. oktober, henta 13. august 2014