Perihelargument
Utsjånad
'
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/eb/Orbit1.svg/220px-Orbit1.svg.png)
Perihelargumentet' er eit av baneelementa som beskriv ein lekam i bane rundt sola, som til dømes ein planet. Det er vinkelen mellom oppstigande knute og perihel, målt i baneplanet. Å leggje han til lengda til oppstigande knute gir lengdegraden til perihel til lekamen i banen hans om sola.
Eit perihelargument på 0° tyder at lekamen vil vere i perihel akkurat når han kryssar ekliptikken frå sør til nord. Eit perihelargument på 90° tyder at lekamen vil vere i perihel akkurat når han er lengst nord for ekliptikken.