Siste glasiale maksimum
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/83/Last_Glacial_Maximum_Vegetation_Map.svg/220px-Last_Glacial_Maximum_Vegetation_Map.svg.png)
Siste glasiale maksimum (engelsk Last Glacial Maximum, forkorta LGM) viser til tida under den siste istida då isdekket var på sitt største. Dette fann stad for rundt 21 500-21 000 år sidan.[1][2] Då var den globale gjennomsnittstemperaturen rundt 5°C lågare enn i dag. Klima over heile verda var tørrare,[1] medan havnivået var rundt 125 meter lågare, ettersom mykje av vatnet i verda låg låst i isen.[2]
På denne tida dekte innlandsis mykje av den nordlege halvkula. I Europa var Skandinavia, Dei britiske øyane Nordaust-Europa og delar av Sibir dekte av det skandinaviske isdekket. Store delar av Nord-Amerika låg under Laurentid-isdekket og andre isbrear. Det fanst også ei mengd brear i fjella i andre område, også sør i verda som i Sør-Amerika og Afrika.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Chris Park; Michael Allaby, «Last Glacial Maximum», A Dictionary of Environment and Conservation, Oxford University Press
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Stephen T. Jackson (10. desember 2016), «Climate change», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Siste istids maksimum» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2017.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- T.O. Vorren og J. Mangerud (2006). «Istider kommer og går». I I.B. Ramberg, I. Bryhni og A. Nøttvedt. Landet blir til: Norges geologi. Norsk Geologisk Forening. s. 478–531. ISBN 978-82-92344-31-6.