St. Elizabeth-flaumen i 1421
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0f/The_Saint_Elizabeth%E2%80%99s_Day_Flood_by_Master_of_the_St_Elizabeth_Panels_c1490-1495.jpg/220px-The_Saint_Elizabeth%E2%80%99s_Day_Flood_by_Master_of_the_St_Elizabeth_Panels_c1490-1495.jpg)
St. Elizabeth-flaumen (nederlandsk Sint-Elisabethsvloed) i 1421 var ein flaum i Nederland. Natt til 19. november råka ein kraftig storm kysten av Nordsjøen og eit dike brast fleire stader slik at polderane som låg under havnivå vart oversvømd. Mange landsbyar forsvann i flaumen og mellom 2 000 og 10 000 menneske mista livet. Flaumen førte til enorme øydeleggingar i Zeeland og Holland og skilde byane Geertruidenberg og Dordrecht som tidlegare hadde kjempa mot kvarandre under krok- og torskekrigen.
Det meste av området vart liggjande under vatn i fleire tiår. Etter kvart vart landområde drenert igjen, mellom anna øyane Dordrecht og Hoeksche Waard og nordvestlege område av Noord-Brabant (rundt Geertruidenberg). Det meste av Biesbosch-området har vore dekt av vatn sidan flaumen.
Årsaka til flaumen var altså at dika brast og ikkje som den store Nordsjøflaumen i 1953 som vart skapt av stomflod.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «St. Elizabeth's flood (1421)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.