Taktiske atomvåpen
Utsjånad
Taktiske atomvåpen er nemninga på kjernefysiske våpen som med lita sprengkraft berre vil vera i stand til å øydeleggja eit mindre område. Dei vil i tilfelle ein militær konflikt berre nyttast mot militære mål i nærleiken av eigne eller allierte styrkar.
Døme på nytte av taktiske kjernevåpen kan vera angrep mot større samlingar av pansra personellkøyretøy eller marinefartøy. Som våpenberarar kan ein nytta rakett, missil, torpedo, granat eller bombe.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Taktiske atomvåpen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2017.