Thor-Inge Gullvåg
Utsjånad
Thor-Inge Gullvåg | |||
Fødd | 5. juni 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vefsn kommune | ||
Verka som | skodespelar | ||
Prisar | Teskjekjerringprisen |
Thor-Inge Gullvåg (fødd 5. juni 1952 i Vefsn) er ein norsk skodespelar og dramaturg, utdanna ved Statens Teaterhøgskole. Han har arbeidd ved Hålogaland Teater, NRK fjernsyns- og radioteateret, Norsk Film AS og Rikskonsertene. Gullvåg vart seinare knytt til Nordland Teater i Mo i Rana, der han i perioden 1/1-2000 -31/12 2007 var teatersjef. Thor-Inge G. er far til dansaren og skodespelaren og Kjersti Lid Gullvåg. Han er gift med skodespelar og pedagog Tone Lid Gullvåg.
Roller[endre | endre wikiteksten]
- Karl i filmen Svidd neger 2003:
Verk[endre | endre wikiteksten]
- Likvake, filmmaunus, 1987
- Svein Uredd, eventyrkomedie i fem akter av Nordahl Rolfsen frå 1890, omarbeidd og gjendikta, 1989
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- 1987: Vinnar av Norsk Filmforbunds manuskonkurranse for Likvake
- 1996: Teskjekjerringprisen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Thor-Inge Gullvåg» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2008.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Presentasjon på nettstaden til Nordland teater (arkivert side)