Tjeldbergodden
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/88/Tjeldbergodden.jpg/220px-Tjeldbergodden.jpg)
Tjeldbergodden (òg stava Kjeldbergodden eller Kjellbergodden) er eit område i Aure kommune på Nordmøre. Området vart i løpet av 1990-åra bygd ut som industriområde. Statoil har bygd ut mottaksanlegg for naturgass frå Heidrunfeltet. Naturgassen vert mellom anna nytta i ein metanolfabrikk. Det ligg føre planar om bygging av eit gasskraftverk på området. Naturgassen vert ført i land gjennom transportrøyret Haltenpipe.