Trafikk
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4d/Busy_Creek_in_Dubai.jpg/220px-Busy_Creek_in_Dubai.jpg)
Trafikk er ferdsel, transport eller omsetnad av folk, dyr, varer, fargreier og i utvida tyding via kommunikasjonskanalar som telefon- eller radionett.[1] Ordet «trafikk» har opphav i det italienske ordet traffico, som tyder 'handel, ferdsel'.[2]
Trafikk på veg kan omfatta fotgjengarar, dyr, vogner, syklar, motoriserte køyretøy, trikkar og andre transportmiddel. Trafikkreglar kan regulera denne ferdselen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «trafikk». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
- ↑ «trafikk» i Nynorskordboka.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Trafikk» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2019.