VV 283
Utsjånad
![](http://chped.net/https/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Hubble_Interacting_Galaxy_VV_283_%282008-04-24%29.jpg/220px-Hubble_Interacting_Galaxy_VV_283_%282008-04-24%29.jpg)
VV 283, CGCG 043-099 eller MCG+01-33-036 er ein irregulært forma galakse som ligg rundt 500 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Jomfrua. Galaksen er sannsynlegvis eit resultat av to galaksar som har kollidert. Lik mange kolliderande galaksesystem er VV 283 veldig lyssterk i det infraraude, der han stråler med ein energi som svarer til nesten tusen milliardar gonger den energien som sola sender ut.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.