Varese
Utsjånad
Varese | ||
---|---|---|
Palazzo Estense i Varese | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Lombardia Varese | |
Borgarmeister | Attilio Fontana | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
54 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
96 917 1795/km² | |
Koordinatar | 45°49′N 8°50′E / 45.817°N 8.833°E | |
Høgd over havet | 382 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 21100 | |
Telefon-retningsnummer | 0332 | |
Nettstad: www.comune.varese.it |
Varese (lombardisk Varès, latin Baretium) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Varese i regionen Lombardia. Byen har om lag 95 000 innbyggjarar og ligg om lag 55 km nord for Milano.
Byen ligg nedanfor Alpane ved Varesesjøen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
I 1859 møtte Giuseppe Garibaldi dei austerrikske styrkane leia av feltmarskal Carl Baron Urban ved Varese. Det var òg her Alessandro Marchetti fauk sine første prøverundar med flyet Savoia-Marchetti SM.93.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Varese» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2007.