Wikipedia:Vanlege feilstavingar
- Sjå òg Wikipedia:Gode nynorskord.
Her er eit oversyn over vanlege feilstavingar etter gjeldande nynorsk rettskriving.
Substantiv[endre wikiteksten]
Finn nokre feil | |||
demningen (skal vera demninga) hensyn (skal vera omsyn) |
Hannkjønnsord som av og til blir mistekne for hokjønnsord:
- kjerne er hannkjønn: ein kjerne - kjernen - kjernar - kjernane
- låten er hannkjønn: ein låt - låten - låtar - låtane
- skole eller skule er hannkjønn: ein skole/skule - skolen/skulen - skolar/skular - skolane/skulane
Hokjønnsord med uventa bøying:
- dronning, demning (f3) o.s.b.: ei dronning - dronninga - dronningar - dronningane
Inkjekjønnsord er like i ubunden form eintal og ubunden form fleirtal:
- eit område - det området - fleire område - dei områda.
Substantiv med uventa -er-ending:
- jeger, person som jaktar, også i samansettingar. Bøying: ein jeger - jegeren - jegerar - jegerane
Verb[endre wikiteksten]
Finn nokre feil | |||
produserar (skal vera produserer) selga (skal vera selja) |
Nokre verb har særskilde bøyingar:
- å halda/halde - held - heldt - har halde
- å lata/late - lèt - lét - har late
Sameleis vert alle orda som nyttar lata/late bøygde. Til dømes: å forlata/forlate - forlèt - forlét - har forlate og å tillata/tillate - tillèt - tillét - har tillate
- å skriva/skrive - skriv - skreiv - har skrive
- å veksa/vekse - veks - voks - har vakse
Mange verb har '-er'-ending i presens, til dømes observerer, programmerer, studerer og spekulerer. Ein klasse av desse er merkte i nettordboka som v2. Dette er verba som får -te i preteritum (å føra/føre - fører - førte - har ført). Andre -er-verb har irregulær bøying og/eller endar på -de i preteritum.
Ingen verb endar på '-erar'.
- å grensa/grense - grensar - har grensa
- å visa/vise - viser - har vist (merk at «visar» kan vera rett bruk av substantiv)
- velja, eller velje, ikkje velga/velge.
- selja eller selje, ikkje selga/selge.
- Bydeform av selja/selje er sel, ikkje selj.
- Merk òg binda/binde > bitt, søkje/søkja > søk osv.
Andre ordklassar[endre wikiteksten]
Finn nokre feil | |||
omlag (skal ofte vera om lag) opprinneleg (skal vera opphavleg) |
- om lag skal skrivast i to ord. Eit omlag er eit lag kring noko.
- opphavleg og opphaveleg er rett, *opprinneleg og *opprinnelig er ikkje rett på nynorsk.
- kjølig tyder sval, kald medan kjøleg tyder veldig
Arkaisk nynorsk[endre wikiteksten]
Det er mange stavingar og ord som kan sitja inne frå lesing av eldre tekstar på nynorsk. Mange slike finn ein i dag berre i høgnorsk og ikkje lenger i nynorsk. Vil ein nytta desse formene, lyt ein skriva ein artikkel på høgnorsk. Desse lagar ein på Nynorsk Wikipedia bakom eit 'Hn/'-prefiks, til dømes Hn/Geirfugl.
- burt vert til bort
- hev vert til har
- millom vert til mellom
- å segja eller å segje vert til å seia eller å seie
- um vert til om
- upp vert til opp
- yver vert til over