Hopp til innhald

Worcestershire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Worcestershire
grevskap
Land  England
Region Vest-Midlands
Areal 1 741 km²
Folketal 557 600  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Worcestershire
52°12′00″N 2°10′00″W / 52.2°N 2.1666666666667°W / 52.2; -2.1666666666667
Wikimedia Commons: Worcestershire

Worcestershire (forkorta Worcs) er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Vest-Midlands sentralt i England. I 1974 vart det slått saman med nabogrevskapet Herefordshire til grevskapet Hereford og Worcester. Dette vart delt att i 1998 og Worcestershire vart igjen ei eiga eining.

Grevskapet grensar til Herefordshire, Shropshire, Staffordshire, West Midlands, Warwickshire og Gloucestershire. I vest går grensa langs Malvern Hills og kurstaden Malvern. To store elvar renn gjennom grevskapet Severn og Avon.

Katedralbyen Worcester er den største byen og det administrative setet i grevskapet. Andre viktige byar er Bromsgrove, Droitwich, Evesham, Kidderminster, Malvern og Redditch, og fleire mindre byar som Pershore, Tenbury Wells og Upton upon Severn. Den nordlege delen av grevskapet omfattar dei ytre områda av dei store industriområda i Midlands storbyområde, medan dei sørlege delane hovudsakleg er landlege.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]