Hopp til innhald

Den autonome regionen Tibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det historiske landet Tibet, sjå Tibet.
Tibet
西藏
བོད་
autonom region
Land  Folkerepublikken Kina
Hovudstad Lhasa
Areal 1 228 400 km²
Folketal 3 648 100 (2020)[1]
Kart
Den autonome regionen Tibet
31°42′20″N 86°56′25″E / 31.705556°N 86.940278°E / 31.705556; 86.940278
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
Wikimedia Commons: Tibet Autonomous Region

Den autonome regionen Tibet[a] (TAR) er ein region i Folkerepublikken Kina, skipa i 1965. Området er omstritt, ettersom Kina og India ikkje er samde om kvar grensene for regionen går. I tillegg kjempar mange tibetanarar, leidde av den fjortande Dalai Lama for sjølvstende for Tibet etter dei historiske grensene. Desse omfattar mykje av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i tillegg til regionen Tibet.[2]

Den største innsjøen i Tibet, Namtso-sjøen i Lhasa prefektur.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den autonome regionen Tibet grensar til Xinjiang i nord, Qinghai i nordaust, Yunnan og Sichuan i aust, India i vest og sør, Nepal og Bhutan i sør og Myanmar i søraust. Hovudstaden er Lhasa, både etter tibetansk og kinesisk syn.

Regionen omfattar eit område på 1 228 400 km2 og har om lag 3,7 millionar innbyggjarar. Han har med det lågast folketal av alle dei kinesiske provinsane og regionane. Mykje av grunnen til dette er barskt og ulendt terreng; då regionen har ei gjennomsnittshøgd på 4000 moh. Styreleiar for regionen er Padma Choling.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Prefektura i Kina. Omstridde område er merkt med blått.

Regionen er inndelt i 7 prefektureiningar:

  1. Ngari
  2. Nagqu
  3. Qamdo
  4. Xigazê
  5. Lhasa
  6. Shannan
  7. Nyingchi

Desse sju er inndelt i til saman 73 fylke, og fylka er inndelt i til saman 692 kommunar; anten bykommunar, kommunar, etniske kommunar eller subdistrikt.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. forenkla kinesisk 西藏自治区, pinyin Xīzàng Zìzhìqū, tibetansk བོད་རང་སྐྱོང་ལྗོངས། (Wylie Bod-rang-skyong-ljongs) • Berre Tibet : forenkla kinesisk 西藏, pinyin Xīzàng, tibetansk བོད་ (Wylie Bod).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den autonome regionen Tibet