Hopp til innhald

Indre Mongolia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indre Mongolia
内蒙古
autonom region
Land  Folkerepublikken Kina
Hovudstad Hohhot
Areal 1 181 104 km²
Folketal 24 049 155 (1. november 2020)[1]
Kart
Indre Mongolia
44°N 113°E / 44°N 113°E / 44; 113
Kart over Indre Mongolia i Kina.
Kart over Indre Mongolia i Kina.
Kart over Indre Mongolia i Kina.
Wikimedia Commons: Inner Mongolia

Indre Mongolia[a] er ein autonom region i Folkerepublikken Kina.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Indre Mongolia grensar i nord til republikken Mongolia og Russland, i sør til provinsane Hebei, Shanxi, Shaanxi, Ningxia og Gansu og i aust til Liaoning, Jilin og Heilongjiang. Provinsen dekkjer 12 % av arealet til Kina, men berre 2 % av innbyggjarane bur der. Regionen er med andre ord ein av dei mest grisgrendte områda i Kina. Størstedelen av området ligg på mellom 1000 og 1500 moh., og store delar av Gobiørkenen ligg i Indre Mongolia.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Folketalet består i 80 % hankinesarar, 17 % mongolar og minoritetsgruppene mandsjuar (2 %), huikinesarar (0,9 %), daur (0,3 %), evenkar, oroqin og koreanarar. Regionen har status som nasjonalt minoritetsområde for mongolane. Opphavleg var dei nomadefolk, men dei fleste er bufaste no til dags. Om lag 350 000 driv framleis med gjeting av buskap. Størstedelen av innbyggjarane er busette på Hetao-sletta langs Huang He og sideelvane og på Khorcinsletta. Dei største byane er industribyen Baotou og hovudstaden Hohhot. Berre 5 % av arealet i regionen er dyrka mark; dette har sjølvsagt med det barske klimaet å gjera.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart politisk sameint med Kina då den mongolske hæren erobra Kina på 1200-talet. Seinare, då Ytre Mongolia vart liggjande inneklemt mellom interessene til Kina og Russland, blei Indre Mongolia verande under kinesisk innverknad. I 1947 oppretta dei kinesiske kommunistane Indre Mongolia som autonom region. I moderne tid har det vorte danna separatistrørsler i det mongolske folket i regionen.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Prefektura i Indre Mongolia.
Sletteland i Indre Mongolia.

Indre Mongolia er delt inn i 12 prefektureiningar:

  1. Alxa
  2. Bayan Nur
  3. Wuhai
  4. Ordos
  5. Baotou
  6. Hohhot
  7. Ulanqab
  8. Xilin Gol
  9. Chifeng
  10. Tongliao
  11. Hinggan
  12. Hulunbuir

Desse er inndelte i 102 ulike typar fylke, som igjen er inndelte i 1425 ulike typar kommunar.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. forenkla kinesisk 内蒙古, pinyin Nèi Měnggǔ, kyrillisk Өвөр Монгол; romanisert Öbür mongγol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indre Mongolia