Hopp til innhald

Hendingar i den umiddelbare uverkelegheita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hendingar i den umiddelbare uverkelegheita (rumensk orig. Întâmplări în irealitatea imediată) er ein roman av Max Blecher og blei gjeven ut i 1936. I 2023 blei boka gjeven ut på norsk på Slow Fire Press i 100 nummererte eksemplar, omsett via svensk og engelsk av David Aasen.

Blecher skildrar i denne romanen ein ung mann som driv rundt i ein rumensk småby i løpet av dei første tiåra på 1900-talet. Det er ei merkeleg vandring ut av barndommen og inn i vaksenlivet. Den unge mannen går på plassar som når som helst kan bli forvandla, der det mest utrulege kan skje – og skjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]