Hopp til innhald

Max Blecher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Blecher
Statsborgarskap Romania
Fødd 8. september 1909
Botoșani
Død

31. mai 1938 (28 år)
Roman i Romania

Yrke lyrikar, romanforfattar, skribent
Religion Jødedommen

Max Blecher (8. september 190931. mai 1938) var ein rumensk forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Blecher var son av ein jødisk handelsmann og butikkeigar, og blei fødd 8. september 1909 i Botoșani i Romania. Etter studenteksamen i 1927 reiste han til Paris for å studere medisin. I 1928 blei han, 19 år gammal, råka av skjelettuberkulose og måtte avbryte studia. Han blei sengebunden dei siste ti åra av livet sitt, og søkte behandling på ulike sanatorium rundt om i Europa: Berck i Frankrike, Leysin i Sveits og i Techirghiol ved den rumenske svartehavskysten.

Trass i sjukdommen skreiv han nokre av Romanias mest interessante tekstar. Han debuterte som prosaist i 1930 med novella «Herrant» i Tudor Arghezis tidsskrift Bilete de papagal, han skreiv i André Bretons litteraturtidsskrift Le Surréalisme au service de la révolution og brevvekslar intenst, blant anna med Breton, André Gide, Martin Heidegger, Ilarie Voronca, Geo Bogza, Sașa Pană og Mihail Sebastian. I 1934 gav Blecher ut diktsamlinga Corp transparent («Gjennomsynleg kropp»). Han publiserte kortprosa og essay (om poesi, filosofi og kunst, om Blake og Kierkegaard) i ulike tidsskrift.

I 1935 flytta han til eit hus i utkanten av byen Roman i regionen Moldova, der han skreiv romanane Întâmplări în irealitatea imediată (Hendingar i den umiddelbare uverkelegheita) og Inimi cicatrizate (eng. Scarred hearts), som blei gitt ut i București i 1936. Blecher døydde den 31. mai 1938 i Roman, 28 år gammal.

Sanatoriedagboka Vizuina luminată: Jurnal de sanatoriu («Opplyst hole») blei publisert posthumt, først delvis i 1947, deretter komplett i 1971. Samleutgåva M. Blecher, Întâmplări în irealitatea imediată; Inimi cicatrizate kom i 1999, den inneheld også diktsamlinga Corp transparent, i tillegg til introduksjon, korrespondanse og nyskriven kritikk. Max Blecher, mai puțin cunoscut («Den ukjente Max Blecher») kom i 2000, og inneheld all brevveksling og resepsjonshistorie. I 2016 kom filmatiseringa av Inimi cicatrizate (Scarred hearts), regissert av Radu Jude.

Blecher er blitt omsett sidan midten av 70-åra, og er så langt tilgjengeleg på fransk, tysk, spansk, tsjekkisk, ungarsk, nederlandsk, svensk, dansk, italiensk, estlandsk, gresk, portugisisk, tyrkisk, polsk og engelsk. Først i 2023 blei Blecher utgitt på norsk, med romanen Hendingar i den umiddelbare uverkelegheita.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vizuina luminată: Jurnal de sanatoriu («Opplyst hole: Sanatorie-dabøkene»), 1971.
  • Inimi cicatrizate (Scarred Hearts), 1936.
  • Întâmplări din irealitatea imediată (Hendingar i den umiddelbare uverkelegheita), 1936.
  • Corp transparent («Gjennomsiktig kropp»), 1934.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]